Første RECORD PhD-student disputerer

December 16, 2010 on 8:51 am | By Asbjørn | In Uncategorized | No Comments

Kva har iPad, Xbox Kinect og nettsida til Petter Stordalen til felles? Svaret er navimasjon (navigasjon + animasjon). Dei nyttar bevegelse på skjerm som eit viktig kommunikasjonsmiddel. (Oppdatering, jan 2012: Se oppsummering av arbeidet i videoen nedenfor.)


Onsdag 22. desember forsvarer stipendiat Jon Olav Husabø Eikenes avhandling si Navimation. A sociocultural exploration of kinetic interface design for ph.d-graden ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Eikenes har i avhandlinga utforska korleis visuell bevegelse kan nyttast på nettsider og på skjermane til mobiltelefonar og lesebrett. Prosjektet har kombinert analysar av eksisterande nettsider og digitale produkt med eigne designeksperiment.

Kandidaten gjer også ei prøveforelesing relatert til avhandlinga sitt tema, med tittelen ”Examples of double mediation as instrumental and semiotic tool”.

Disputasen finn stad onsdag 22. desember. Prøveforelesninga tar til kl 10.00, medan disputasen starter kl 12.00.

Stad: Store auditorium, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Komité:
Førsteamanuensis Cheryl E. Ball, Illinois State University (førsteopponent)
Førsteamanuensis Anders Fagerjord, Universitetet i Oslo (annenopponent)
Dr. Martina Maria Keitsch, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (koordinator)

Jon Olav Husabø Eikenes (1980) er master i industridesign frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (2006), med fordjuping i fagfeltet interaksjonsdesign. Han har vore stipendiat ved Institutt for design sidan 2007. Eikenes er no tilsett som interaksjonsdesignar i designkonsulentfirmaet Halogen i Oslo.

Powered by WordPress, based on Pool theme by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^